land — eit prosjekt av Anna-Lise Marie Hearn

OM PROSJEKTET
            LAND er eit stadspesifikt scenekunstprosjekt som omset, utforskar og uttrykker vårt komplekse og intrikate forhold til landskapet vi bur i og beveger oss gjennom. Gjennom ei poetisk og kroppsleggjort «linse» dykkar LAND djupt ned i korleis landskapet beveger, om ikkje former oss. LAND utforskar den intrikate forteljinga mellom menneske og landskap, og samspelet mellom våre indre og ytre opplevingar. Ved å slå saman dans, stemme, musikk og poesi, omset LAND dei fysiske og kjenslemessige elementa i landskapet til eit teksturelt og lekamliggjort uttrykk av rørsler og lyd.
            Prosjektet omfattar mange element; ein 1-time liveopptreden med profesjonelle dansarar og vokalistar, eit workshop- og framsyningsprosjekt for lokal ungdom, tverrfaglege samarbeid, lokal og internasjonal kunstnarisk utveksling, ein stadsspesifikk kostymeskaping, eit samarbeid mellom poesi og musikk, og ein stadresponsiv koreografi.
            LAND er leia av Anna-Lise Marie Hearn (NO/UK) som har hovudansvar for regi og koreografi. Musikken er laga av komponist Christopher Benstead (UK), med poesi skrive av den lokale poeten Solveig Johanne Grønstøl (NO) som lyrisk innhald for musikken. Kostyma er laga gjennom eun stadsspesifikk plantebasert tekstilfargingsprosess i samarbeid med kunstnaren Inês Neto dos Santos (PT/BE). Den profesjonelle besetninga på 12 utøvarar (7 dansarar og 5 vokalister) har alle ei personleg tilknyting til Vestlandet.

«Stein, jord, berg og hav. Landet me går på, og landet i oss. Alt smeltar saman i førestellinga «LAND» i Moster Amfi.»
— Per Harald Gjerde, Bømlo-Nytt

Gjennom framsyninga overfører LAND ei kjensle av djup personleg lengsel. Ei lengsel etter tilknyting og tilhøyrsle til seg sjølv i samband med stad, og i samband med nettet av den naturlege verda vi er ein del av. Ved å presentere teksturar, symbol, rørsler og strukturar på scenen som har blitt funnet i det omkringliggande landskapet, beveger LAND seg gjennom opplevingar, augeblikk og historier som utfolder og avslører intrikate forteljingar mellom menneske og landskap. Episodar i stykket avslører også poetiske strofer skrive av den lokale poeten Solveig Johanne Grønstøl. Solveig skriv på nynorsk om det dynamiske samspelet mellom menneske og landskap. Disse dikta er vevd inn i musikken i den levende sungne vokalen, men også noko innspelt på forhand som spoken word som ein del av lydbiletet.
            Musikken, komponert av Christopher Benstead, kombinerer både live-vokal og forsterka innspelte lydar og atmosfærar. Det skaper ein altomsluttande oppleving for publikum, der lyden beveger seg frå venstre til høyre, over og under, med stemmer på forskjellige stader i rommet. Vokalistane rører seg saman med dansarane på scenen, skifter plassering og går stiar og formasjon. Stemmene blir på denne måten også ein del av landskapet.
            For å lekamleggjere og spegle det omkringliggande landskapet, ber artistane kostymer laga i samarbeid med Inês Neto dos Santos, som visuelt speglar landskapet sine fargar og teksturar. Kostyma er blitt laga ved å trekkje ut naturleg fargestoff frå planter, steinar og lav som finst i landskapet, deretter påført på naturleg linstoff. Kvart unike kostyme er ein fysisk representasjon av tid, og reflekterer lag i landskap og lag i livet. Kostyma er blitt eit intuitivt, sensorisk kart over landskapet vi er fordjupa i. Utøvarane er dermed sjølv «eit landskap i rørsle».
            Med LAND jobbar vi med landskapet som eit rom for samarbeid med uttrykk. LAND presenterer ein altomsluttande performativ oppleving for å føle og utnytte dei kjenslemessige assosiasjonane vi har til landskapet rundt oss.

KVA VEKKJER LANDSKAPET I DEG?

«LAND var noko av det vakraste eg har sett. Heilt fantastisk kor det traff, rørte, helbreda og bergtok meg.»
— Linda Iren Østensen, publikum, LAND i Moster Amfi 2022

LAND hadde premiere 26. august 2022 i Moster Amfi på Bømlo.
  Klikk her for å se LAND 2022-boken.

MED STØTTE FRÅ

Design & Website by   Studio Foss

LAND er Eit stadspesifikt scenekunstprosjekt som omset, utforskar og uttrykker vårt komplekse og intrikate forhold til landskapet vi bur i og beveger oss gjennom.
eit prosjekt av
Anna-Lise Marie Hearn
CO-PRODUSERT AV
  moster 2024

@land__project

NOR / ENG
KORLEIS LANDSKAPET
FORMAR OSS

LAND — EIT PROSJEKT AV ANNA-LISE MARIE HEARN